FOTBALL
Skavøypoll si fotballgruppe er ein del av Skavøypoll Idrettslag. Etter at samarbeidsklubben Måløy FK vart etablert (50 % Skavøypoll og 50 % TMFK), er Skavøypoll Fotball no ein barnefotballklubb med lag for barn opp til 12 år. Vårt fokus er å tilrettelegge for aktivitet til barn og unge på ein trygg arena. Vi har dyktige trenarar som har fokus på borna sitt beste og jobbar for eit best mogleg tilbod for alle. Vårt mål er flest mogleg – lengst mogleg. Vi har mange aktive barn i klubben og har plass til fleire.
TURN
Turn / troppsgymnastikk er en idrett der en gruppe gymnaster eller turnere utfører akrobatiske og artistiske øvelser i fellesskap. Idretten består av tre apparater: tumbling, trampett og frittstående. I tumbling utfører gymnastene akrobatiske øvelser etter hverandre på en tumblingbane eller en airfloor med litt sprett i seg. I trampett bruker vi trampoliner og der ser vi akrobatiske øvelser med høye svev. Frittstående består av dans, rytme, akrobatikk, løft og kast. I denne idretten konkurrerer både menn og kvinner sammen og hver for seg. Dette er en konkurranseidrett som betyr at vi reiser rundt på ulike konkurranser i landet og deltar i både tumbling, trampett og frittstående for de gymnastene som er klare for det og ønsker å drive med konkurranse.
ALLIDRETT
SIL allidrett er eit variert aktivitetstilbud til barn frå 5 til 9 år. Vi har om lag 50 aktive medlemmer, i tillegg til om lag 10 trenarar som i hovudsak består av foreldre. Det vert lagt vekt på å utvikle ein god grunnmotorikk gjennom leik og aktivitetar tilpassa barnets utviklingsnivå. Vår hovudarena er i gymsalen ved Skavøypoll skule, der kvart kull har tildelt ein time kvar veke. Frå hausten 2020 har vi òg teke i bruk den nye turnhallen, som kulla rullerer på å nytte. Ann-Jali Frantzen har det faglege turnopplegget for alle kull. Typiske aktivitetar vi gjer i allidretten er diverse leikar med og utan ball, fotball, turn, handball, basketball, hinderløyper m.m.
TUR & FRILUFT
Tur & friluftsgruppa er organisert som ei prosjektgruppe. Mandatet frå hovudstyret er utbygging av turveg og elles andre prosjekt som finn stad på Dalsneset ved Polljavatnet. Vi tek på oss både dugnader og bidreg til eit godt fellesskap i nærmiljøet!
HANDBALL
Per dags dato har Skavøypoll Handball eitt handball-lag. SIL United spelar i Rema 1000 TH-serien som er region vest sitt serietilbod for barn, unge og vaksne med funksjonshemmingar eller som ønskjer eit tilrettelagt tilbod. Kvar måndag har vi trening. Her er vårt fokusområde samspel og gode relasjonar.